– Ordet «skeiv» passar betre for dagens unge, seier Willy Pedersen til Ung.Forskning.no. Han jobbar ved Universitetet i Oslo og har forska på ungdom i mange år.
Han har følgt med på tala i spørjeundersøkinga Ungdata, der unge mellom anna har vorte spurt om dei ser på seg sjølv som lesbiske eller homofile.
Såg noko nytt
Då Pedersen såg nærare på tala i undersøkinga frå 2021, såg han noko nytt. Éin av fem kryssa nemleg av på «litt begge delar». Dette gjeld både jenter og gutar.
Ungdomsforskaren seier at han trur endringane i ordbruken vil gjera at mange unge vil føla seg friare.
– Det kjennest greitt å vera på leiting, utan at så mykje står på spel.