Sprang i 53 kuldegrader

Halvmaraton er i utgangspunktet ikkje for pyser. Men halvmaraton i 53 minusgrader er i alle fall ikkje for pyser!

Nyleg vart det arrangert halvmaraton i den russiske republikken Jakutia.

Deltakarane må ha vore av det kuldeglade slaget, for gradestokken i området viste nemleg heile 53 minusgrader då konkurransen føregjekk!

Det skriv VG i ei sak. 

Iskald fornøyelse

65 deltakarar frå heile verda deltok, og vinnaren, som heiter Vasilij Spiridonov, fullførte på ein time og 36 minuttar.

Då han kom i mål, sa han følgjande til Siberian Times:

– Takk til arrangøren som klarte å overvinna alle utfordringar forårsaka av pandemien. Eg vil gjerne sjå fleire løparar frå heile republikken, Russland og utlandet i framtidige maratonløp.