Hurra for prinsesse Ingrid Alexandra som fyller 18 år!

I dag, fredag 21. januar, fyller prinsesse Ingrid Alexandra 18 år.

Prinsesse Ingrid Alexandra vart fødd på Rikshospitalet i Oslo 21. januar 2004. Ho er nummer to i arverekka, etter faren Kronprins Haakon.

DÅP: 17. april 2004 vart prinsessa døypt i Slottskapellet i Oslo av biskop Gunnar Stålsett, og det var Hans Majestet Kong Harald som bar henne til dåpen. Foto: Jo Michael, Det kongelege hoffet

Prinsesse Ingrid Alexandras sine fadrar er – i tillegg til Kong Harald – Kong Felipe VI av Spania, kronprins Frederik av Danmark, kronprinsesse Victoria av Sverige, prinsesse Märtha Louise og prinsessa si mormor – Marit Tjessem.

Miljø og klima er viktig

4. januar 2006 byrja prinsessa i barnehage, og 19. august 2010 vart ho skulejente på Jansløkka barneskule i Asker.

Prinsesse Ingrid Alexandra er opptatt av miljø og klima, og nettopp dette var temaet for hennar aller første offisielle oppdrag utanom 17. mai og Holmenkollsøndagen. Saman med kronprinsessa møtte ho Miljøagentparaden på Slottsplassen då over tusen agentar markerte Verdas miljødag i 2009.

Frå hausten 2014 til våren 2019 gjekk ho på Oslo internasjonale skule, og 19. august 2019 byrja ho på Uranienborg skule i Oslo. Hausten 2020 vart ho elev ved Elvebakken vidaregåande skule i Oslo der ho framleis held på med utdanninga.

KONFIRMANT: Prinsesse Ingrid Alexandra fotografert i høve konfirmasjonen 31. august 2019. Foto: Lise Åserud, NTB scanpix

Sjølvstendig oppdrag

I 2015 hadde ho det første sjølvstendige oppdraget sitt då ho døypte Redningsselskapets nye skøyte «Elias».

I 2016 tente ho elden føre 13 000 publikummarar under opningsseremonien for ungdoms-OL på Lillehammer, og i november 2018 døypte ho Noregs nye forskingsskip, FF Kronprins Haakon.

Etter kvart som prinsessa blir eldre vil ho få fleire offisielle oppdrag, men dei næraste åra vil den viktigaste oppgåva hennar vera å konsentrera seg om utdanninga.

Stor feiring av dagen

Torsdag, dagen før den store dagen, skal prinsesse Ingrid Alexandra besøka og få ei innføring i Stortinget, Statsministerens kontor og Høgsterett.

På sjølve 18-årsdagen kjem representantar for det offisielle Noreg til Slottet for å gi gåver til jubilanten og gratulera ho med dagen.

GIF: Giphy

I tillegg får den då myndige prinsessa ei skikkeleg kanongåve, skriv NRK. Forsvarssjefen har nemleg bestemt at Forsvaret vil heidra henne med salutt frå alle saluttstasjonane i landet klokka 12 på bursdagen.

Prinsessa skulle også eigentleg vore feira med regjeringsmiddag i Oslo dagen før bursdagen og med gallamiddag på Slottet på sjølve 18-årsdagen. Men, førre månad vart det kjent at desse feiringane blir utsett grunna koronasituasjonen.

Gratulerer med dagen, prinsesse Ingrid Alexandra!

(Kjelde: Pressemelding / Kongehuset.no)

NYTT KONTOR: Prinsessa har fått sitt eige kontor på Slottet. Foto: Ida Bjørvik, Det kongelege hoff