Dette er den mest besøkte nettsida i 2021

Det er kanskje ingen overrasking, men TikTok er altså den mest besøkte nettsida i 2021.

TikTok er den mest besøkte nettstaden i 2021, skriv BBC Newsroom. Appen dytta fjorårets vinnar Google ned frå førsteplassen – og kan med det takka pandemien for mykje av suksessen det siste året.

Pandemien har nemleg gitt TikTok ei stor popularitetsauke, og nettstaden har gjort eit realt byks på listene i 2021. I 2020 måtte me heilt ned på 7. plass for å finna TikTok.

Brukar du TikTok?

Brukar du TikTok?

Ja, sjølvsagt!349
Nei, det gjer eg ikkje.181
Svar totalt: 530

Meir enn 1 milliard brukarar

Totalt kan TikTok no skryta av meir enn ein milliard brukarar over heile verda.

Dei brukar TikTok til underhaldning, for å finna og dela glede og for å læra nye ting, skreiv  selskapet i ei pressemelding på nettsidene sine tidlegare i desember.

Les også: Dette er årets beste TikTok-videoar

Topp 10 mest populære nettstader i 2021

Den årlege ti-på-topp-lista er sett saman av eit selskap som heiter Cloudfare, og her kjem lista:

  1. TikTok.com
  2. Google.com
  3. Facebook.com
  4. Microsoft.com
  5. Apple.com
  6. Amazon.com
  7. Netflix.com
  8. YouTube.com
  9. Twitter.com
  10. WhatsApp.com