BTS tek pause

K-pop-gruppa BTS har gått ut og sagt at dei kjem til å ha ein lengre pause i tida som kjem.

Det er ikkje bestemt kor lang pausen blir, men det er sagt at dette skjer fordi dei sju bandmedlemmane treng tid med familiane sine, skriv BBC Newsround.

Pausen er også meint å gi gruppa ein sjanse til å finna inspirasjon og kreativ energi.

Det var managementet til bandet som gjekk ut med informasjonen i sosiale medium.

Får vera med familien sin i jula

– Me vil gjerne informera om at BTS planleggjer å ta ein utvida kvilepause, for første gong sidan sist dei gjorde det. Dette vil slik sett bli den første gongen sidan debuten deira at dei får vera med familien sin i jula.

Dette er nemleg ikkje den første gongen pop-gruppa tek ein lang pause – dei gjorde det same i 2019. Då hadde dei ein pause ein månad.