– Eg tek sjansen på å få ein klem frå barnebarnet mitt

Statsminister Jonas Gahr Støre leia pressekonferansen der barn fekk svar på spørsmåla sine om korona, om jula og kva som skjer framover.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe. Foto: Birgitte Vågenes Bakken

– Noko av det finaste som er, det er ein veldig god klem. No skal me klemma litt mindre på kvarandre, fordi me må halda avstand. Men eg tenkjer at me skal kunna klemma dei me er aller mest glad i, sa barne- og familieminister Kjersti Toppe då ho fekk spørsmålet frå Inga (6 år) om det var lov å klemma besteforeldre denne jula.

– Eg har eit barnebarn som også er seks år. Eg er vaksinert, og eg tek sjansen på å få ein klem frå barnebarnet mitt, la statsminister Jonas Gahr Støre til. 

Trikset er ein mellomklem

Kunnskapsminister Tonje Brenna fortalde at ho visste om eit triks når det gjaldt klemming av besteforeldre.

– Viss du er litt i tvil, kan ein starta med å klemma rett fram. Då treff ein kanskje kneet heller enn ansiktet, så det kan vera som ein mellomklem. Det er eit triks som me vaksne ikkje kan gjera, for me er jo like høge, sa ho.

Kunnskapsminister Tonje Brenna, barne- og familieminister Kjersti Toppe, Statsminister Jonas Gahr Støre og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. Foto: Birgitte Vågenes Bakken

– Det blir jul

Dette var berre eit av spørsmåla som statsminister Jonas Gahr Støre, barne- og familieminister Kjersti Toppe, helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol og kunnskapsminister Tonje Brenna svara på under barnas pressekonferanse i går kveld.

Statsministeren opna med å fortelja at dei gler seg til jul, og at han veit at barna også gjer det.

– Det blir jul i Noreg, men mange synest det er dumt at smitten er komme og endra på liva våre. Både i skulekvardagen, heima og alt som er midt i mellom, sa statsministeren.

Mange synest det er skummelt no

Han fortalde at smitten blir sendt vidare når mennesker møtest og kjem tett på kvarandre, og at me derfor må vera litt ekstra forsiktige med å møta så mange no, og ta vaksinen viss me får tilbud om den. Vidare sa statsministeren også at han forstår at det er mange som synest det er skummelt at smitten og viruset spreier seg.

– Det er litt tøft det me står i no, men dette skal me klare. Me har greidd å stoppa smitten før, og me skal greia det igjen.

Her kan du sjå heile pressekonferansen der regjeringa svara på mange spørsmål som barn hadde sendt inn.