Barbados er den nyaste republikken i verda – Rihanna blir nasjonalhelt

Barbados har erklært seg som den nyaste republikken i verda. I samband med det, fjerna dei dronning Elizabeth II som statsoverhovud.

Natt til 30. november erklærte den karibiske øya Barbados seg som republikk – noko som betyr at dei skrotar det britiske monarkiet og dronning Elizabeth II som øvste leiar.

Den tidlegare sjefen har sendt sine gratulasjonar, der ho mellom anna melder at øya alltid vil ha ein spesiell plass i hjarta hennar.

Ønskjer om lykke, fred og velstand

– I det de feirar denne store dagen, sender eg alle barbadarar mine varmaste og beste ønskjer om lykke, fred og velstand i framtida, skriv dronninga.

Frigjeringa frå det britiske monarkiet skjer 55 år etter at øya kvitta seg med det britiske kolonistyret og nesten 400 år etter at det første engelske skipet kom seglande mot Barbados i 1625, skriv NRK.

Rihanna erklært som nasjonalhelt

Overgangen frå monarki til republikk vart markert med ein høgtidleg seremoni. NTB skriv at flagget til det britiske kongehuset vart tatt ned, og generalguvernør Dame Sandra Mason fekk oppgåva som den første presidenten i den karibiske øynasjonen.

Ei anna dame som også vart gjort stas på, var Barbados sin aller største kjendis – nemleg popstjerna Rihanna.

Ho vart offisielt erklært som nasjonalhelt, og fekk æresplass saman med politikarar og embetsmenn.