Massiv auke av folk som vil omplassera dyr

– Me har hatt ei kraftig auke i spørsmål om hjelp til omplassering, sier Ida Nedberg Østgård, som jobbar i Foreningen for Omplassering av Dyr (FOD).

Det seier ho til Avisa Oslo.

FOD jobbar med å finna nye heimar til hundar og kattar som treng det. Etter at landet opna opp att for eit par månader sidan, har dei merka stor pågang frå folk som angra på at dei skaffa seg eit kjæledyr i pandemien.

Nedberg Østgård fortel også at mange av henvendelsane kjem frå folk som vanlegvis ikkje ville skaffa seg hund, men som likevel gjorde det under pandemien.

Passa ikkje med hund likevel

Ho trur årsaka til pågangen er at mange no innser at det ikkje passa med hund likevel, i ein travel kvardag. Mange hadde nok heller ikkje sett for seg kor krevande det faktisk er å ha ein hund og å oppdra ein valp.

– Det er svært krevjande med ein kvalp i hus, og det kjem ofte ein vanskeleg periode når hunden går inn i puberteten, seier Østgård og anbefaler at alle med kvalp melder seg på kalpekurs og unghundskurs hjå godt kvalifiserte hundskular.

Fekk du kjæledyr i pandemien?

Fekk du kjæledyr i pandemien?

Ja40
Nei34
Svar totalt: 74