Her blir det ikkje lenger lov med ville sirkusdyr

Om to år er det ikkje lenger lov å bruka dyr som løver, tigrar og bjørnar på sirkus i Frankrike. Statsminister Macron sitt parti kallar vedtaket historisk.

Det har vore ei god veke for dyr i Frankrike!

Ei ny lov gjer det nemleg ulovleg å bruka ville sirkusdyr i Frankrike om to år. Det blir også ulovleg å eiga ville dyr, å driva med oppdrett av mink og å halda delfinshow, skriv NTB.

I tillegg til dette, er det også vedtatt at straffa for dei som misbruker dyr skal aukast. Dette brotet kan no gi opp mot fem år i fengsel og bøter opp mot 75.000 euro, noko som tilsvarar om lag 755.000 norske kroner.

Les også: SJÅ VIDEO: Dyrefritt sirkus i Dyreparken

Les også: Kjendisdelfinen Winter (16) er død

Dette er eit syn som ikkje lenger blir mogleg i Frankrike. Illustrasjonsfoto: Unsplash.com / Becky Phan

Folket støttar forbodet

President Emmanuel Macron sitt parti, La République en Marche (Republikken på veg), kallar vedtaket historisk med tanke på dyrevern.

Meiningsmålingar i Frankrike har vist at folket stiller seg bak det nye vedtaket. I franske byar er det allereie lokale forbod om bruk av ville sirkusdyr.

Bør det vera ville dyr på sirkus?

Bør det vera ville dyr på sirkus?

Nei, sirkus er kjekt nok utan ville dyr28
Ja, eg vil sjå ville dyr på sirkus55
Eg veit ikkje heilt7
Svar totalt: 90