Sør-Korea sin fyrste romrakett

Sør-Korea har for første gang skote opp ein romrakett som dei sjølv har utvikla og produsert.

Utskytinga blir skildra som eit viktig steg mot at landet skal få sitt eige satelittutskytingsprogram.

Sørkoreanske medium melder at raketten greidde å levera den 1,5 tonn tunge lasta som skal gå i bane rundt jorda. Den består av ein klump med rustfritt stål og aluminium, ifølgje NRK.

Utskytinga vart følgt av presidenten i landet Moon Jae-in, og då lasta vart sett i bane rundt Jorda, braut det ut jubel og applaus i kontrollrommet, skriv NTB.