Vil ha forbod mot å eta hund

Sør-Korea sin president Moon Jae-in vil innføra eit forbod mot å eta hund i landet.

Hundekjøtt har lenge vore ein del av det sørkoreanske kjøkkenet, men forbruket har gått ned etter kvart som det har vorte vanlegare å ha hund som kjæledyr, skriv NRK.

Moon kom med forslaget då han la fram planen for å betra velferda for kjæledyr som er forlatne.