Tania (12) går tredje året på vidaregåande

Tania von Zeschau bur i Dresden i Tyskland. Her er skulen ganske annleis den i Noreg. Sjølv om ho berre er 12 år går ho tredje året på gymnaset.

Tania von Zeschau sit utanfor Kulturpalasset i den tyske byen Dresden. Det er eit enort bygg med mange rom for ulike aktivitetar.

– Her er det eit stort bibliotek med ein lesesal. Der bruker eg gjera leksene mine, fortel ho.

Tania får masse lekser. Trass i at ho berre er tolv år, så går ho nemleg allereie i tredje året på gymnaset.

TRIKKEN: Tania bruker trikk til og frå skulen i Dresden, aust i Tyskland.

– I Tyskland går me i grunnskulen i fire år. Etter det, når me er ti eller elleve år, må me bestemma om me skal gå på gymnaset eller i andre skular, fortel ho.

Tyske barn går på gymnaset i ni år eller ti år. Dei studerer teoretiske emne som matte, fysikk, kjemi og språk. Det skal førebu dei å byrja på universitetet. For å koma inn på gymnaset må ein ha høge karakterar.

– Ein må ikkje ha høge karakterar i alle fag, men i visse slik at det blir balanse. Eg er til dømes ikkje så godt på matte og fysikk, men har høge karakterar i grammatikk og nokre andre emne, fortel Tania.

Urettferdig

Barn med lågare karakterar går Hovudskule (Hauptschule) eller Realskule (Realschule) etter grunnskulen. Der studerer dei i seks år. På Hovudskulen puggar dei framfor alt praktiske emne som handverk og teknologi som skal førebu dei for yrkesutdanningar. Realskulen er ein mix mellom Hovudskule og gymnaset.

– På Realskulen les elevane same emne som på gymnaset, berre at undervisninga er lettare, seier Tania.

AVSLUTNING: Skuleavslutning på eit torg i Dresden. I Tyskland startar skuleferien i slutten av juli, og varer i seks veker. Elevane startar skulen igjen først i september.

Etter Realskulen kan dei med høge karakterar byrja på gymnaset. Dei med lågare karakter byrjar på yrkesskular.

Me spør Tania om det ikkje er urettferdig at karakterane ein får som 10-åring skal bestemma kva ein skal gjera i framtida?

– Nei, fordi ein kan endra seg. Dei som har høge karakterar på Realskule eller Hovudskule kan byrja studera på gymnaset i staden. Og viss ein synest at studiane på gymnaset er for vanskelege kan ein hoppa av og byrja på Realskole eller Hovudskule, seier ho.

Berlin lokkar

Tania har ikkje bestemt seg for kva ho vil arbeida med som vaksen.

– Det er lang tid igjen og eg får nye idear heile tida. Nettopp no har eg mest lyst til å arbeida med dans, seier ho.

I framtida vil ho bu i den tyske hovudstaden Berlin.

– I Berlin finst fleire butikkar og restaurantar og meir å gjera enn i Dresden, avsluttar Tania.

BYEN: Dresden blei heilt øydelagt under andra verdskrigen. På bildet kan du sjå Frauenkirche som som blei gjenoppbygd først i 2005.