Brannar herjar i Hellas

Hellas har kjempa mot enorme brannar dei siste vekene, noko som har ført til at tusenvis har vorte tvinga til å reisa frå heimane sine.

– Dette er verkelegheita av klimaendringane, seier statsminister i Hellas, Kyriakos Mitsotakis.

Både Hellas og Tyrkia har dei siste vekene kjempa mot omfattande brannar. I Hellas er øya Evia ein av plassane som er blitt hardast ramma. Fleire enn 1000 innbyggjarar er evakuert med ferje frå heimane sine, skriv VG.

Då brannane er mange og vanskelege å kontrollera, har fleire land sendt hjelp. Mellom anna har Sverige bidratt med to fly, som skal hjelpa til med slokkinga.

LES OGSÅ: Ny klimarapport: Varslar meir ekstremvêr over heile verda

Klimaendringane får skulda

Grunnen til dei mange brannane, er ei uvanleg sterk hetebølgje med temperaturar opp mot 45 grader. No set både myndar og forskarar heten i samband med klimaendringane, og seier at ekstremvêr som dette vil bli vanlegare i tida som kjem, skriv VG.

Ifølgje FN ligg områda rundt Middelhavet til å bli særleg hardt av klimaendringane, med kraftigare hetebølgjer, tørke og brannar.

Har du spørsmål om klimarapporten til FN? Les meir og send oss spørsmåla dine her.