Korona-krise i India

India er hardt ramma av ei ny bølgje med koronasmitte.

Berre dei siste to vekene er 3,2 millionar blitt smitta, i følgje koronaoversikta til VG.

The Guardian skriv at personalet på sjukehusa i Dehli leggjer ut nødmeldingar i sosiale medium, då fleire av dei er tomme for oksygen til pasientane.

Stor krise

Sjukehuset Ganga Ram, som behandlar meir enn 500 koronapasientar, og har varsla om ei komande krise.

– Me har oksygen to timar til. Pustemaskinene fungerar ikkje effektivt. Dette blir sannsynlegvis ei stor krise, sa sjukehuset i ei offentleg uttaling.