Erna Solberg har fått første vaksinedose

Statsminister Erna Solberg og fire andre regjeringsmedlemmar har fåt den første dosen av vaksinen mot korona.

– Eg er glad for at eg har fått den første dosen vaksine mot korona. Eg håpar at alle som får tilbod om vaksine, takkar ja. Vaksinering gjer at me etter kvart kan få tilbake den kvardagen som me alle lengtar etter, seier statsminister Erna Solberg.

Også utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H), utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF), næringsminister Iselin Nybø (V) og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) har fått første dose, skriv VG.

– Desse statsrådane har viktige oppgåver knytt til Noreg sine interesser i utlandet. No som fleire blir vaksinerte internasjonalt, er det fleire møter som skjer fysisk. Desse statsrådane blir vaksinert slik at dei kan delta på desse møta på lik linje med kollegaer frå andre land, seier Solberg.