Vil ikkje lenger konkurrera i tronge turndraktar

Under europameisterskapen i turn i Sveits fekk den tyske turnaren Sarah Voss ekstra mykje merksemd.

21-åringen trassa tradisjonen og stilte i ein full kroppsdrakt som dekte både armar og bein. I internasjonale turnkonkurransar har kvinnelege turnarar til no berre dekt til beina av religiøse årsakar, skriv NRK.

For Voss handlar det om å ha det komfortabelt. Det fortalde ho til den tyske kringskastaren ZDF.

– Vi kvinner ønskjer å føla oss vel i vår eigen kropp.

– I turnsporten blir det vanskelegare og vanskelegare etter kvart som du veks ut av barnekroppen. Då eg var liten, syntest eg ikkje tronge gymdrakter var noko problem. Men då eg kom i puberteten og fekk mensen, byrja eg å føla at det stadig vart meir ukomfortabelt, seier ho.

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Sarah Voss (@sarah.vossi)