Politibetjent dømt for å ha drepe George Floyd

I 2020 blei det opprør mot rasisme og politivald i heile USA etter George Floyds dødsfall i Minneapolis. No er politibetjenten som pressa kneet sitt mot Floyd sin hals, dømt til fengsel.

Etter drapet blei fleire amerikanske byar herja av opptøyar, for å demonstrere motstand mot politivald, då særleg mot afroamerikanarar. Bevegelsen kalla seg «Black lives matter». Demonstrasjonene spreidde seg til heile landet, og etter kvart til fleire land i verda.

Fekk ikkje puste

Det heile starta etter videoar som viste ein politimann i Minneapolis stå med kneet på nakken til George Floyd i nærare ni minutt 25. mai, 2020. Floyd døydde kort tid etterpå.

Juryen i George Floyd-saken brukte berre elleve timar på å bli einige om at den tidligare politimannen Derek Chauvin var skyldig i drap. Dommen kan ende i inntil 40 år i fengsel, men kor mykje straff politibetjenten får, veit vi ikkje enno.