Verdas største kanin er stolen

No lovar eigaren finnarløn til den som kan returnera kaninen.

Kaninen Darius er kjent for å vera verdas største kanin. No melder eigaren at den er stolen, skriv The Guardian.

Darius, som skal vera 129 centimeter lang, forsvann frå hagen der han bur, natt til laurdag. Eigaren hans, Annette Edwards, tilbyr no om lag 10 000 kroner i finnarløn til den som kan returnera kaninen til ho.

– Ein veldig trist dag, skriv ho på Twitter om å få kjæledyret sitt fråstole.

Politiet ber om tips

Ho ber også om at dei som tok Darius kan vera så snill å gi han tilbake. No er politiet på saken, og ber om informasjon frå dei som kan ha kjennskap til tjuveriet.

– Me antek at den store kaninen vart stolen frå hagen til heimen sin, natta mellom 10. og 11. april, skriv politiet.

Her kan du sjå verdas største kanin, Darius: