Isbjørn-hotell skapar sinne

Det som kallar seg for verdas første isbjørnhotell, har åpna i den kinesiske byen Harbin.

Besøkjande kan koma for å sjå isbjørnane sova, eta og bada, skriv NRK.

Hotellet lovar at gjestene kan sjå isbjørnane frå alle dei 21 romma.

– Uanset om du et, leikar eller søv, vil isbjørnane halda deg med selskap. Dei er naboane dine 24 timar i døgeret, skriv hotellet i reklamar som vart lagt ut i sosiale medium.

Ikkje gode nok forhald

Mange er motstandarar av hotellet, og ekspertar på isbjørnar meiner at det ikkje er gode nok forhald for dei arktiske dyra.

– Isbjørnar høyrer heime i arktiske område, ikkje i dyrehagar i eit akvarium. Og i alle fall ikkje inne på eit hotell, seier Jason Baker i den internasjonale dyrebruppa Peta.