Hunden stjal kosedyr og måtte i «fengsel»

Den heimlause hunden måtte i «fengsel» etter å ha stole ein lilla einhjørning. Men tjuven var ikkje sperra inne lenge – no har han fått ein ny ven og ein ny heim.

Dei tilsette ved Duplin County Animal Services, fekk nyleg eit oppdrag dei ikkje får kvar dag. Dei vart oppringt av ein butikk som hadde besøk av ein uvanleg tjuv, skriv VG.

Tjuven var ein laushund som labba inn i butikken gong etter gong, og sette kursen mot ei hylle med kosedyr.

Hund + einhjørning = sant

Spesielt var det eitt kosedyr den var veldig interessert i.

– Han gjekk rett til den same einhjørningen kvar gong, seier arbeidsleiar Joe Newburn ved dyresenteret til People.

Uansett kva dei tilsette i butikken gjorde, kom hunden att. Til slutt måtte dei kontakta Duplin County Animal Services. Samantha Lane, som reiste til butikken, vart så rørt av hunden og den lilla einhjørningen, at ho kjøpte kosedyret.

Sisu, einhjørningen og tilsette ved dyresenteret. Foto: Mary Shannon Johnstone, Duplin County Animal Services

Ein lukkeleg tjuv

Både einhjørningen og hunden, der sistnemnde har fått namnet «Sisu» etter dragen i Disney-filmen «Raya og den siste dragen», vart deretter tatt med til dyresenteret. Dyresenteret presenterte den vesle tjuven med ein artig tone på Facebook:

«Dette er det som skjer når du bryt deg inn i Dollar General fleire gonger for å stela den lilla einhjørningen du har bestemt deg for å ha. Hundefangarane vert kontakta for å arrestera deg for innbrot og tjuveri, men kjøper med seg kosedyret og tek det inn saman med deg.»

Duplin County Animal Services kunne melda at Sisu og einhjørningen har fått ein ny heim før helga.