Guinea erklærer ny ebola-epidemi

No ber landet Verdas helseorganisasjon (WHO) om hjelp med ebolavaksinar.

Det afrikanske landet Guinea, erklærer ein ny ebola-epidemi etter at tre personar har døydd og fire personar er blitt sjuke søraust i landet, skriv Framtida.

– Det er veldig bekymringsfullt å sjå gjenoppblomstringa av ebola i Guinea, eit land som allereie har lidd så mykje under sjukdommen.

Det seier Verdas helseorganisasjon (WHO) sin Afrika-direktør Matshidiso Moeti i ei uttaling, ifølgje Reuters.

Første utbrot på lang tid

Utbrotet er det første i Guinea sidan det alvorlege utbrotet som skjedde mellom 2013–2016.

Den gongen starta pandemien i Nzerekore, som er den nest største byen i Guinea. Derifrå spreidde viruset seg og tok livet av minst 11.300 menneske.