FAKTA: Dans
- Dans er eitt av dei eldste uttrykka for menneskeleg kultur, og finst i alle samfunn.
- Dansen kan utførast i samband med ein religiøs rite eller for å underhalde.
- Dei fleste dansar har fastsette reglar for korleis ein skal utføra dei.
- Koreografi er kunsten å laga eller iscenesetta dansar for framføring.
- Som med musikk kan ein grovt dela dans inn i to grupper: Folkedans, som tradisjonelt har vorte dansa av folk flest i det miljøet han kjem frå, og klassisk eller scenisk dans, som vert dansa av profesjonelle utøvarar. Midt imellom ligg vestleg selskapsdans, som vert dansa av både amatørar og profesjonelle.
(Kjelde: Wikipedia)
– Eg dansar nesten kvar gong eg høyrer musikk. Det blir også til at eg ser på TikTok kvar dag, fortel Anna Maria.
Systrene starta på klassisk ballett i 1. klasse, men byta til jazzballett i 3. klasse. Der går dei framleis.
– Vi har same danselærar som då, og ho er veldig flink! Det er ekstra gøy når vi har danseoppvisning ein gong i året. Då er det alltid mange om ser på, fortel Anna Maria.
– Eg dansar mesteparten av dagen. For eksempel viss eg er i butikken. Ja, eg gjer det i grunn nesten overalt, fortel Elisabeth.
– Eg treng ikkje alltid musikk heller. Av og til berre byrjar eg å danse utan at eg tenkjer over det, ler Anna Maria.
Drøymer om å jobbe med dans
Dei tvilar på at det er mogleg å bli lei av dans.
– Kanskje når eg vert gamal, men eg veit ikkje om eg nokon gong kan bli lei av å danse, seier Elisabeth.
Dei håpar begge at dei ein dag kan få jobbe profesjonelt med dans på ei stor scene.
– Eg har tenkt på å bli ballerina. Det ser så fint ut. Dansen er så fin, alle bevegelsane. Det å bruke kroppen slik er rett og slett gøy, fortel Anna Maria.
Diktar dansar sjølv
Jentene dansar ofte saman med vener.
– Eg har mange vener som likar å danse TikTok-dansar. Vi finn av og til på dansar sjølv, og då hentar vi inspirasjon frå både TikTok og danselæreren vår, fortel Anna Maria.
– Eg blir litt nervøs for å vise fram dansar eg har laga sjølv, men gjer det av og til, fortel Elisabeth.
Denne veka har vi håp som tema i Framtida Junior! Kva dag kan du lese om ulike menneske sitt håp for år 2021.