Kaldaste januar på ti år – klimaforskar trur det vil halda seg slik ei stund til

Har du også syntest at det har vore ein kald start på det nye året? Januar 2021 har faktisk vore den kaldaste og tørraste januar-månaden dei siste ti åra!

Klimaforskar Jostein Mamen. Foto: Bård Gudim

– Det stemmer at januar har vore kald. Slik var det i 2013 og 2016 også, så at det er kaldt over ei lengre periode er ikkje så unormalt, seier klimaforskar Jostein Mamen.

Han fortel at grunnen til at det er ekstra kaldt no, er fordi me har uvanleg kalde luftmassar over landet vårt, i tillegg til at lite skyer gjer at det blir ekstra kaldt om natta.

– Luftmassane kjem frå plassar på jorda som er ekstra kalde, som mellom anna Nordpolen eller Sibir. Derfor kallar me gjerne kulda me opplever no for «Sibir-kulde.» Dette skjer frå tid til annan, seier Mamen.

Det har vore kaldt i heile Vest-Europa i januar, men i Canada og i USA har det derimot vore varmare enn normalt.

– Det var kaldare før

– Når det er kaldt ein plass, må det vera varmt ein annan, seier han.

Sjølv om me har ein kald vinter no, betyr ikkje det at me må tvila på at det skjer ei global oppvarming. Mamen fortel at det kjem til å bli kalde vintrar framover også.

– Me kjem framleis til å oppleva at det er så kaldt og stabilt som no, men det kjem ikkje til å skje fullt så ofte. Det me ser er at vinteren i år er kald, men det var enno kaldare før, seier han.

Dette kartet viser månadstemperaturen i januar 2021 mot for den same månaden i ein normalperiode mellom 1971–2000. Der det er blått i kartet, er det kaldare enn normalt og der det er raudt er det varmare. Skjermdump: http://www.senorge.no/

Kulda held fram

Klimaforskaren har gode nyhende til dei som likar seg ekstra godt når dei kan vera ute i kulda.

– Me har verktøy der me kan sjå korleis vêr me kan forventa oss ei stund framover. No ser det ut som det kalde vêret kjem til å halda fram ei veka eller to framover.

I og med at me mest truleg må feira sommarferien i Noreg i år også, lurer du kanskje på korleis sommarvêret blir? Mamen fortel at dei også har prognosar for det.

– Men so langt fram er det litt vanskeleg å seia noko sikkert enno, seier han.