Gler seg til Joe Biden tek over makta i USA

I Florida, midt i hjarta av valtrilleren mellom Donald Trump og Joe Biden, bur brørne Mathias (12) og Milian (8). Etter at Biden vann valet, har det snart gått to månadar. 20. januar flyttar Biden inn i Det kvite huset. 

– Eg er så glad for at Donald Trump tapte valet. For kvar einaste stat Joe Biden vann, var det full jubel her heime, fortel Mathias Sundheim Østvang.

– Biden er best!, seier veslebror Milian.

I WASHINGTON, D.C: Saman med resten av familien fulgte Mathias og Milian nøye med på valsendingane. Her var dei på besøk i den amerikanske hovudstaden i fjor. Foto: Privat

Fulgte med både natt og dag

Saman med resten av familien følgde Mathias og Milian nøye med på valsendingane. 

– Vi såg på TV heile dagen. Nesten heile natta også, faktisk. Det var så spennande, fortel Mathias.

Då stemmene i Florida skulle teljast, var det ekstra spennande. I forkant vart det sagt at ingen presidentkandidat har vunne valet i USA utan å vinne staten Florida. 

– Då Trump vann her blei vi ikkje overraska, men vi hadde framleis håp om at Biden kunne vinne heile landet likevel, Donald Trump er veldig populær her i staten, fortel Beate Hesjedal Sundheim som er mamma i familien.