Dette skjer når Joe Biden tek over

Lurer du på kva som skjer når Joe Biden tek over stafettpinnen og blir president i kveld? Her får du oversikt.

I dag er dagen USA får ny president. Donald Trump har pakka sekken sin og flytta ut av det kvite hus, medan Joe Biden flyttar inn. Men det kjem til å ta nokre timar før Biden kan slenga beina på bordet i sin nye heim.

Det er nemleg ei rekkje ting som skal skje i dag.

For første gong på over hundre år, kjem ikkje den avtroppande presidenten til å vera med på insetjingsseremonien av den nye presidenten. Donald Trump kjem i staden til å halda sin eigen avskjedsseremoni på ein militærflyplass i Maryland, skriv VG.

Denne skal gå føre seg klokka 14.00 norsk tid. Når han er ferdig med denne, flyr han til huset sitt i Florida.

Det kvite huset. Foto: Matt H. Wade, CC BY-SA 3.0-lisens

Ein annleis seremoni

Innsetjingsseremonien for Joe Biden startar klokka 18.00 norsk tid i dag.

Her vil 1391 deltakarar vera med via internett. I tillegg er det 95 hestar og ni hundar som skal delta, har arrangørkomiteen røpa.

Seremonien blir annleis enn det den pleier. Grunnen er først og fremst korona, men også på grunn av frykt for terror og vandalisme slik som skjedde i Capitol Hill den 6. januar. 

Derfor er det henta inn 20.000 soldatar frå nasjonalgarden, slik at dei kan passa på.

Utandørs innsetjing

Innsetjingsseremonien skal gå føre seg utandørs, ved kongressbygningen. Mike Pence, som er avtroppande visepresident, skal saman med mellom anna Barack Obama, George W. Bush og Bill Clinton vera med på seremonien.

Høgsterettsdommar John Robers skal lesa opp eden, og Joe Biden vil sverga med ei hand på ein bibel som har vore i familien hans lenge. Påtroppande visepresident Kamala Harries vert tatt i ed av høgsterettsdommar Sonia Sotomayor.

Les også: Donald Trump stilt for riksrett – men kva betyr det eigentleg?

Kjende artistar lagar liv

Etter dette startar feiringa. Sjølv om den blir annleis i år, er det mange stjerner som kjem for å laga liv. Mellom anna kjem countrystjerna Garth Brooks, Jennifer Lopez og Lady Gaga. Sistnemnde skal syngja nasjonalsongen, skriv VG.

Etter dette skal Biden og Harries saman med ektefellene deira, delta ei ein maktoverføringsseremoni samen med militæret, før dei reiser til Arlington for å leggje blomar på grava til «den ukjende soldat».

«Den ukjende soldat» er eit monument som er dedikert til avdøydde amerikanske tjenestemenn, som ikkje er blitt identifiserte.

Når alt dette er overstått, får Biden presidenteskorte ned til Det kvite hus.