Oline (9) er boksar: – Eg har eit mål, og det er å bli betre enn storesøstera mi

Oline er eit av borna som har fått sin eigen episode i NRK Super-serien «Bli med heim». I episoden blir me betre kjend med ho og familien hennar, som bur i Aurland i Sogn.

– Det var veldig spennande å bli filma av NRK, men litt kleint også. Eg er veldig glad for at eg fekk moglegheita og det freistar å gjera noko liknande igjen, seier Oline.

At det var boksing som skulle bli favoritt-sporten hennar, er ikkje tilfeldig. Ho fortel at pappa Reinhardt har drive med boksing lenge, og at han har påverka ho og søskena. No er han trenaren til alle tre.

– Han har store ambisjonar for alle borna, seier mamma Turid.

På eit av dei siste stemna før korona, var NRK med Oline for å filma ho i boksekamp til serien “Bli med heim”. Foto: Privat

Spennande og nervepirrande

Oline fortel at ho håpar at ho ein dag kan vinna NM i boksing. Foto: Privat

– Då eg var lita, var eg med med søskena mine Oskar og Sofia på trening. Då slo eg litt på sekkar og slikt, seier Oline.

Ifølgje mor Turid, går familien under tilnamnet «boksefamilien» i Aurland. Det var naturleg at også Oline vart med i gjengen då ho vart stor nok.

– Eg synest det er veldig gøy! På boksestemne får eg treffa mange kjekke folk.

Ho fortel at ho synest at boksing er spennande og nervepirrande på ein anna måte enn andre sportar.

– Har du eit førebilete når det gjeld boksinga?

Oline vann kampen! Foto: Privat

– Søstera mi Sofia er veldig god. Eg har eit mål, og det er å bli betre enn ho, seier Oline og smiler.

Ikke så skummelt

Mamma Turid kan forstå at mange synest boksing verkar som ein skummel sport, men for Oline sin del er ho ikkje noko særleg engsteleg.

– Det er strenge reglar, der dei mellom anna får poeng for teknikk og fotarbeid. Men for ungdommane som er eldre er det andre reglar, og då kan det sjølvsagt bli meir skummelt, seier ho.