Julekalender luke 10

I dagens kalenderluke får du vite korleis du kan lage fine julestjerner av papir.

Dette treng du: 

  • Papir 
  • Saks
  • Sytråd
  • Lim

Slik gjer du: 

  • Klypp eit papir som er dobbelt så langt som bredt. 
Foto: Janne Nerheim
  • Ta tak i den eine kortsida og brett trekkspelmønster, på same vis som om du lagar ei vifte. Prøv å lage brettane cirka like breie.
Foto: Janne Nerheim
  • Surr ein tråd rundt midten på vifta. La det vere att litt tråd som du kan bruke til å henge opp stjerna.
Foto: Janne Nerheim
  • Brett ut som ei vifte og lim sidene på endane saman. Pass på å leggje tråden saman med limet på eine sida. Då blir det enklare å henge opp stjerna.
Foto: Janne Nerheim
  • Til slutt kan du klyppe skrå kantar på alle stjernespissene – om du vil. Eller du kan la kantane vere runde.
Foto: Janne Nerheim
  • Heng stjerna i vindauga eller legg ho som dekorasjon på bordet.