Ny rapport: Det står verre til med havet enn vi trudde, men det er håp

– Analysar frå forskarar viser at vi kan få så mykje som seks gonger så mykje mat frå havet enn det vi gjer i dag. Viss vi gjer dei rette tinga, seier klimaforskar.

I 2018 sette statsminister Erna Solberg saman Havpanelet. Det er ei gruppe som består av statsleiarar i 14 land. Denne veka la dei fram ein ny rapport som viser at dei må gjere endå meir for å ta vare på havet, skriv NRK.

– Verdas nasjonar må samarbeide betre for å sikre reine og produktive hav, sa statsminister Erna Solberg i ei pressemelding i samband med lanseringa av rapporten.

Det finst smartare måtar

Ho får støtte av klimaforskar Jane Lubchenco frå Oregon University.

– Uten betydelege endringar vil ikkje havet kunne halde fram å gje det oss det vi treng, sa ho under Zoom-møtet der rapporten blei presentert.

Lubchenco seier det finst smartare måtar å bruke og utnytte havet på enn vi gjer i dag. Måtar som ikkje brukar det opp.

– Analysar frå forskarar viser at vi kan få så mykje som seks gonger så mykje mat frå havet som vi tek ut i dag. Viss vi gjer dei rette tinga, sa klimaforskaren.