Maskert indisk superheltinne kjempar mot koronafrykt

Priya, Indias fyrste kvinnelege teikneserieheltinne, skal kjempe mot falske nyhende om koronaviruset i ein ny teikneserie. Tidlegare har ho kjempa mot valdtekt, syreangrep og sexhandel.

I India er det eit stort problem at mange folk spreier falske nyhende om koronaviruset, skriv BBC.

– I denne teikneserien ønskjer vi å utfordre feilinformasjon, fjerne frykt og støtte helsearbeidarar i kampen mot viruset, seier Ram Devineni til BBC. Han er skaparen av teikneserien.

Superheltinna Priya blei lansert fyrste gong i 2014 då ei ung kvinne vart valdteken på ein buss i Dehli. Teikneserieskaparen laga serien for å rette merksemda mot problemet med seksuell vald i India.