Fekk ein million føljarar på fire timar og eitt minutt

Rupert Grint er den som snøggast har fått ein million følgjarar på Instagram. Det står til ny rekord i Guinness rekordbok.

Harry Potter-skodespelaren slo rekorden denne månaden, då han vart medlem og delte ein sjølvi av han og dottera. Ho har fått namnet Wednesday, skriv Sky News.

Han skreiv: “Hei Instagram… Berre ti år for seint, men her er eg. Grint on the Gram! Eg er her for å introdusere dykk for Wednesday G. Grint. Hald deg trygg, Rupert.”

Skjermdump: Instagram / @RupertGrint

Tidlegare rekordar

Sir David Attenborough hadde den tidlegare rekorden. Han fekk same antal følgjarar på fire timar og 44 minuttar.

Med det slo han den forrige rekorden til Jennifer Aniston, som brukte fem timar og 16 minuttar på å nå ein million.