Sjå kven som budde inni det mest kjende juletreet i verda

Kvart år vert det sett opp eit gedigent juletre midt i New York. Men i år var det nok ein liten krabat som fekk seg eit sjokk, då den vakna opp til heilt ny utsikt.

– Me pleier alltid å sjekka kvar grein om det er fuglar i treet, før treet blir sendt dit det skal. Men nokre gonger greier fuglar å lura seg med på transporten likevel, seier ansvarlige for transporten av juletreet i ei sak hjå New York Post.

Dei som skulle setta opp juletreet, vart overraska då dei fann ein blindpassasjer langt inne mellom dei store greinene. Ugla dei fann i treet, er ei hannugle og typen er slipeugle, ei av dei aller minste ugleartane me har på jorda.

Hels på Rockefeller: Ugla har fått namn etter plassen ho vart funnen. Foto: Ravensbeard Wildlife Center

Et mus

Arbeidarane fann fort ut at dei måtte ta kontakt med nokon som hjelper dyr. På Ravensbeard Wildlife Center, fekk dei snakke med direktøren Ellen Kalish.

– Ugla var dehydrert og svolten, men elles i fin form, seier ho og legger til at ho tok med seg ugla tilbake til senteret for å gi den så mykje mus den berre ville ha.

Mus er nemleg favorittretten til ugler.

 Skal bli slept fri

– Eg synest dette var ei hjartevarm julehistorie. Tenk at det var ein hemmelegheit inne i juletreet, seier Kalish i saka til New York Post.

Planen er å sleppa den søte ugla ut i det fri igjen.