Skrivekonkurranse: Skriv til oss og vinn fine premiar!

År 2020 har vore ganske håplaust. Derfor treng me meir håp for det nye året!

Du kan vinne fine premiar om du løyser ei av desse oppgåvene:

1. Skriv ein tekst om kor viktig håp er. Kva gjev deg håp? Og kva er håpet ditt for 2021?

2. Skriv ein tekst om ei sak du brenn for. Kva håpar du skal skje i 2021? Og kva må gjerast for å oppnå det du håpar på?

3. Skriv ein tekst om ein gong eller ei oppleving der håp har vore særleg viktig for deg.

Både vinnarteksten og tekstane som konkurrerer i toppen vil bli publisert på www.framtidajunior.no.

Format: Word-fil

Lengde: 150-350 ord

Premiar: Abonnement på Framtida Junior, bøker og Framtida Junior-t-skjorter

Aldersgrense: Under 14 år

Målform: Nynorsk

Innleveringsfrist: 15. januar

Send inn til framtidajunior(a)gmail.com

OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.