Mange juksar i nettsjakk

Koronapandemien har tvunge sjakkspelarar frå sjakkbrettet til internett. Tal frå Chess.com viser at mange spelarar blir tatt for juks.

Juks skjer både i Noreg og elles i verda. Ifølgje NRK vart 10.000 spelarar kasta ut frå ein sjakk-nettstad på ein månad. 

– Det er eit stort problem, seier ekspert Atle Grønn til NRK.

Geir Nesheim, som er generalsekretær i Noregs Sjakkforbund, fortel at cirka 400.000 nordmenn spelar sjakk på internett. Grunna koronaviruset er det ikkje blitt arrangert ordinære sjakkturneringar sidan mars.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here