Brannane og flommane i USA blir verre av klimaendringane

Brannane i California er så store at dei har farga himmelen over store delar av den nordlege halvkula.

Heitebølgjer og tørke – som klimaforskarane har varsla – gir større og fleire brannar enn nokosinne i det vestlege USA. På den andre sida av kontinentet har orkanen Sally dumpa enorme nedbørsmengder og skaper storflom. Abrahm Lustgarten skriv i New York Times at det kan bli umogleg å bu på store område i USA.

I desse dagar kjempar 7700 brannfolk i California mot flammane. Så langt i år har skogbrannane øydelagt over 9000 bygningar og 31 menneske har mista livet.