Samla inn over 215 millionar til kamp mot plast i havet

Heile Noreg har opna lommebøkene og vippsa pengar til WWF og kampen mot plast i havet.

Desse kommunane gav mest pengar per innbyggjar.

– Dette har vore eit annleis-år på alle måtar. Eg er utruleg takksam for alle som har bidratt i kampen for å ta vare på havet og menneska som er avhengige av det, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdas naturfond i ei pressemelding.

Digitale bøsseberarar over heile landet har lagt ut på Noregs største digitale folkevandring i dei siste vekene og dagane.

Mange barn og skular har samla inn pengar gjennom loppemarknad, kafe og andre måtar å samla inn pengar. Det digitale lotteriet til Moster skule på Bømlo samla inn 116.500 kroner til kampen mot plast i havet.

Her kan du sjå kor mykje pengar innbyggjarane i kommunen din gav i snitt!

50 millionar frå regjeringa

Søndag var sjølve TV-aksjonsdagen med aksjonssendinga på NRK. Statsminister Erna Solberg deltok også på sendinga til TV-aksjonen, og fortalde at regjeringa støtta TV-aksjonen med 50 millionar kroner i år. Det er 10 millionar meir enn dei har gjort tidlegare.

Søndag kveld delte statsministeren eit bilete frå Runde fuglefjell i Herøy som viser eit fuglereir bygd av plast.

«Det eksemplifiserer godt hvordan plast i havet ødelegger og dreper naturen. Det kan vi ikke akseptere», tvitrar Solberg, som oppmoda folk til å støtte WWF.