Izzy reddar koalabjørnar på TV

I haust kan du følgje serien om den australske dyrevennen Izzy Bee (11), som har ein spesiell kontakt med koalabjørnar.

Koalabjørnen er eit lite pungdyr som berre finst i Australia. Den har ikkje status som ein trua dyreart, men har likevel fått det vanskelegare dei siste åra, spesielt fordi dei har mist 80% av leveområda sine grunna utbygging, tørke og skogbrann.

Australske Isabella “Izzy” Rose Bee er mellom dei som prøver å hjelpe koalaane.

Stort ansvar

I ein ny Netflix-serie kan du følgje arbeidet ho gjer saman med mor si, den einaste veterinæren på øya Magnetic Island, for å redde dyr som har blitt sjuke eller skadde. Eller små koalabarn som har mist mora, og treng hjelp til dei blir store nok til å klare seg sjølv. 

I eit intervju med TV-insider fortel Izzy at det er eit stort ansvar.

– Eg må alltid vere klar til å hjelpe når mamma eller pappa spør meg, og eg må høyre godt etter og gjere akkurat som dei seier.

Izzy elskar kvardagen med koala

11-åringen startar kvar dag med å sjekke at alle dyra har ete og har det bra, før ho går for å hente meir mat til dei frå skogen. Koalabjørnar et kun enkelte typar eukalyptusblad. Men Izzy elskar kvardagen som koala-passar.

– Eg kjenner meg så heldig som får lov til å vere med dei fine dyra.

Foto: Kerin Gedge, Unsplash

I TV-serien, som kjem ut 15. september, får vi sjå korleis Izzy knyttar sterke band til koalabjørnane ho passar på. Kvart dyr har sin eigen personlegdom, og kan vere blyge, gretne, utadvente, matglade eller avslappa. Det er vanskeleg å unngå å bli glad i dei – både for TV-sjåarane og for Izzy.

– Men vi må alltid sleppe dei ut i det fri igjen, understreker ho.

– Det er trist for oss, men bra for dei.

Visste du at? Koala tyder “ingen drikke” på det australske aboriginalspråket. Koalaen får i seg vatnet den treng berre gjennom å ete eukalyptusblad, men kan drikke frå ulike vasskjelder når det trengs. Kjelde: WWF sitt dyreleksikon