Prøv vatn frå kikerter som erstattar for eggekvite i denne pavlovaen

Ikkje tøm vatnet frå hermetiserte kikerter i vasken! Du kan heller bruke det som erstatning for eggekvite når du skal bake noko godt.

Vatnet frå kikerter fungerer nemleg på same måte som eggekvite fordi det har så mykje stivelse i seg. Ei oppskrift du kan teste ut, er denne pavlovaen frå Din Side:

Du treng:
1 boks kikerter
2 dl sukker

Foto: Janne Nerheim

Slik gjer du:

1. Sil av kikertvatnet rett i bakebollen.

2. Pisk til vatnet er like stivt som stivpiska eggekviter. Sjekk at du kan forme små toppar, utan at dei smeltar saman.

3. Pisk inn litt og litt sukker.

5. Bruk ei skei til å leggje marengsen på ein bakepapir.

6. Steik i ovn på 75 grader, utan varmluft, i cirka 1 time. Så skrur du ned til 50 grader og steiker i 0,5 til 1 time til, til marengsen ikkje heng fast i bakepapiret.

7. Skru av ovnen, og la marengsen stå i til den er nedkjølt. I minst ein time eller gjerne over natta.

Når marengsen er kald kan du pynte med litt vispa kremfløyte og bær.