Under halvparten av barn og unge et frukt og grønt dagleg

Mange unge droppar «fem om dagen». Her får du seks tips til korleis du enkelt kan få i deg meir frukt og grønsaker.

Ifølgje Helsedirektoratet bør alle ete fem porsjonar med frukt eller grønsaker kvar dag. Helst ei blanding av dei to.

Ein fersk rapport frå Universitetet i Bergen har sett på ei undersøkjing om vanane til 4700 elevar frå heile landet i aldrane 11, 13 og 15 år. Langt under halvparten av desse seier dei et frukt eller grønt dagleg.

Blant gutane er det kun ein tredjedel som et frukt og grønsaker dagleg. Blant jentene er det rundt 40 prosent som svara at dei et frukt og grønt dagleg.

– At så mange barn og unge ikkje får i seg ein porsjon med frukt og grønt, er bekymringsfullt, seier Iselin Bogstrand Sagen frå Opplysningskontoret for frukt og grønt til NRK.

Tips til meir frukt og grønt i kvardagen:

  • Del frukt og grønsaker i båtar eller stavar.
  • Ha alltid med frukt, grønsaker eller bær i matpakka. Bruk gjerne ein matboks med fleire rom, og fyll opp med ulike ting.
  • Bruk grønsaker som snacks! Grønsaker med hummus (bønnedipp), tzatziki eller heimelaga guacamole er garantert suksess. Du kan dippe gulrot, kålrot, agurk, selleri eller blomkål.
  • Fruktsalat med vaniljeyoghurt er eit godt alternativ til dessert.
  • Lag is av frukt, bær og smoothie!
  • Smak på frukt og bær du ikkje har smakt på før. Har du spist stjernefrukt og dragefrukt, for eksempel?