Bør katten bli med på ferie?

Katten likar ikkje så godt å reise til nye plassar. Den vil nok heller vera heime i sommar enn å reise på ferie, seier forskar.

Når ferien nærmar seg, og familien skal reise på hytta, lurer mange på hva som er best for katten.

Skal vi ta med katten på hytta? Skal vi la den bu på eit kattepensjonat? Eller bør vi berre la han bli heime?

Dette har Forskning.no spurt forskar Bjarne Braastad om. Han jobbar ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet og er ekspert på korleis dyr oppfører seg.

– Katten kan bli redd og usikker viss han må vera på ein ny stad. I verste fall kan han bli redd og stikke av, fortel han.

Ikkje reis vekk i fleire dagar

– Vi bør ikkje reise vekk i fleire dagar og tru at katten vil klare seg godt åleine, meiner Braastad.

Det er for lenge å vera vekke ei heil veke, sjølv om vi set ut mat, ifølgje forskaren.

– Du må få ein ven eller nabo som kan besøke katten din hvis du reiser vekk i fleire dagar, meiner professoren.

Det beste er om katten kjenner denne personen frå før, og det er ikkje nok at venen eller naboen gir katten mat. Den bør også få kos eller bli leika med, meiner Braastad.