Seks tips til ein garderobe som er meir miljøvennleg

Klesindustrien slepp ut meir drivhusgassar enn all sjø- og flytrafikk i verda. Du kan bidra til å avgrensa det med ein meir miljøvennleg garderobe, skriv Ung.no.

Her er seks tips:

  1. Handle i bruktbutikkar.
  2. Ha bytekveld! Samle nokre vener, ta med klede du ikkje brukar meir, og byt! 
  3. Fiks klede, ikkje kast. Du treng ikkje symaskin – du kan bruke nål og tråd.
  4. Gjer reparasjonar av klede til ein hobby. Du kan brodere ein blom over holet i buksa eller feste ein strykelapp på. Det gjer kleda dine heilt unike.
  5. Redesign er gøy! Du kan finne mykje inspirasjon på YouTube til korleis du kan sy noko anna av klede du ikkje brukar meir. 
  6. Vask kleda litt sjeldnare. Når vi vaskar klede brukar vaskemaskinen mykje vatn og syntetiske klede slepp mikroplast ut i havet.