Tre gutar har tatt verda med storm på Instagram

Dei tre gutane frå Nigeria viser at for å vere kreative treng ein ikkje alt av det nyaste utstyret for å lukkast.

Ikorodu Bois – brørne Muiz Sanni (15) og Malik Sanni (10), og fettern Fawas Aina (13) har blitt Instagram-kjendisar ved å lage enkle videoar av ting dei har rundt seg til å gjenskape dyre musikkvideoar og Hollywood-trailarar.

Skryt av megakjendis

Tidligere denne månaden delte den amerikanske skodespelaren og rapparen, Will Smith, eit klipp av guttane sin versjon av trailaren “Bad Boys Forever” med sine 43,9 millionar Instagram-ølgjarar, saman med bileteteksten: “Ser ut som om vi fekk stuntmenn til den neste, @martinlawrence.