Meiningsinnlegg: Skilte foreldre

Eg har skilte foreldre. Det er ikkje så mange som veit at mine foreldre er skilt.

Skilsmisser

I 2019 var det 19 855 par som gifta seg. Det var 9 609 som skilde seg. (Kjelde: SSB)

LES FAKTALUKK FAKTA

Når eg var liten, cirka 5 eller 6 år, så krangla mamma og pappa litt og då gjekk eg til dei og spurte: Skal de skilja dykk? Og det spørsmålet spurte eg mange gonger og eg fekk berre eitt svar: Nei, me berre diskuterer. Og det spørsmålet tenkte eg på heile tida då eg var 5 år. 

For dei som har det sånn at foreldra er skilt, her kjem nokre tips viss du er lei deg:

  1. Tenk på kva du vil ha til middag. Det kan vere kva som muleg.
  2. Tenk at du er på ein varm plass i Syden eller drøymeplassen din.

3. Gå inn på rommet ditt, og set på musikk som passar følelsane og lag ein dans.

Eg heiter Stine og eg ville dela dette med dykk fordi når eg hadde det sånn så hjelpte det å tenka på dei tre tipsa. Eg hadde det vanskeleg i starten, men det blir betre. Det kan eg nesten love.

Illustrasjon: Colourbox