Gå i 17. mai-tog med resten av Noreg i Minecraft

Fleire kommunar i Noreg har no meldt seg på til ein landsomfattande fest i Minecraft. Eit lag med barn og unge er no i ferd med å byggje ei fantastisk paradegate som skal representera landet.

I ei svært spesiell tid, der vi ikkje kan gå i 17. mai-tog grunna korona, er det mange som leitar etter kreative løysingar på korleis vi kan feire 17. mai på ein trygg måte. Fleire kommunar i Noreg har no meldt seg på til ein landsomfattande fest i Minecraft.

SKOGLIV: Frå venstre: Tarjei Mo Batalden, Tobias Laundal og Erlend Pilø. Foto: Skogliv

– Eg meiner at dette er så bra fordi foreldre kan få auga opp for at dataspel kan vera noko sosialt og hyggeleg – og at det er mange som finn felleskap og samhald der. For mange barn og unge er felleskapen dei finn i eit spel like viktig som i skulegarden, seier Tarjei Mo Batalde. Han er ein av tre gutar i 20-åra som driv skogliv.no på hobbybasis.

– Viss vi no på 17. mai kan få til at barn og unge viser foreldra sine dette, og at familiar kan sitje saman og delta i dette toget, synest eg at vi har fått til mykje bra seier han.

BERGEN: Du kan gå i tog på Bryggen i Bergen. Foto: Skogliv.no

Paradegata og serveren er open heile dagen mellom kl 07.00 og 23.30, så ein kan kikka rundt på eiga hand når ein sjølv vil. Arrangementet er vorte til på rekordtid, med idé og initiativ frå Ullensaker kommune, i samarbeid med Skogliv.no (som driv ein norsk Minecraft-server).

IP-adresse for å logge inn: 17mai.skogliv.no

TRONDHEIM: Du kan gå i tog forbi Nidarosdomen. Foto: Skogliv.no