Mathias (11) feira bursdag i eit nedstengt New York

New York har flest sjuke og døde av koronaviruset i USA. Midt i alt dette fylte Mathias 11 år. 

Mathias Sundheim Østvang fylte 11 år 3. april. Dagen blei feira i huset deira litt utanfor byen New York.

– Dagen var kjekk! Eg vakna, gjekk ned og fekk gåva mi – ein stor trampoline som stod klar utanfor huset! fortel han.

GÅVE: Mathias fekk trampoline til bursdagen. Foto: Privat

Mathias og familien flytta til USA frå Stanghelle mellom Bergen og Voss for snart to år sidan.

Familiedag

Mathias og brørne har brukt trampolina mykje, og det var der ein stor del av bursdagen blei feira også.

– Eg var med mamma, pappa, veslebror Milian, storebror Martin og hunden vår Mila etter eg var ferdig med heimeskulen den dagen.

KAKE: Stor kake med marengs, krem, bær og 11 lys. Foto: Privat

– Venene mine gratulerte meg med dagen då vi snakka på nett i løpet av skuledagen. Det var litt rart å snakke med dei slik akkurat den dagen, seier han.

Harry Potter fan

Dei hadde pizza til middag og hoppa endå meir på trampolinen.

– Den kvelden såg vi ein av Harry Potter-filmane. Eg har lese alle bøkene og sett alle filmane. Eg har også besøkt i Universal studios i Florida der vi reiste gjennom Harry Potter si verd. Det var gøy!

Sjølv om bursdagen var fantastisk, var det likevel noko som mangla.

– Vi skulle møte besto og besten i Florida. Dei skulle reise frå Noreg og møte oss der, men viruset gjorde at dei ikkje fekk flyge, fortel han.