Bo (8) fekk overraskelsesbursdag i skogen

Familien til Bo fann ein kul måte å feire bursdag på i koronakrisa.

Bo Tingstad-Rykhus blei 8 år 17. mars – midt i koronakrise, stengte skular og null fritidsaktivitetar. Han var usikker på korleis bursdagen kom til å bli når alle venene hans er heime. Bo bur i eit hus saman med far sin, og eit anna hus saman med mor si – og han blei kjempeglad då alle overraska han med bursdagsfest i skogen.

PÅ TUR: Mamma Anja, kompisen Gabriel og hovudpersonen Bo i skogen. Foto: Privat

– Det var så gøy! Eg var hos mamma den dagen, og ho sa vi skulle gå ein tur med hunden. Plutseleg var pappa, kjærasten hans Tina, bestemor, bestefar og kompisen min Gabriel i skogen, fortel Bo. 

Fekk to sakkosekkar

I skogen grilla dei pølser og klatra på eit stort berg.

– Eg og Gabriel fekk klatre i berget og vi hadde det veldig kjekt saman, fortel han.

I bursdagsgåve hadde han eit stort ønskje om å få ein sakkosekk.

– Eg fekk faktisk to sakkosekkar – éin til kvart hus, fortel Bo.

– Helga før skulen stengte var vi på «Fangane på Fortet» med klassen. Det er ein stad der vi må løyse oppgåver i lag. Heile klassen var invitert, men allereie då var det ein del som var heime fordi dei var blitt sjuke, fortel Bo.