Foreldre utan kontakt med skulen 

44 prosent av foreldra hadde ikkje kontakt med skulen i perioden med heimeundervising, viser ei undersøking frå Opinion.

30 prosent svarer at dei ikkje har hatt noko kontakt, medan 14 prosent seier dei berre hadde kontakt gjennom barnet, skriv NRK.

  • LES MEIR: Småskulen er tilbake på skulen

I dag startar 1.-4. trinn på skulen etter sju veker med heimeskule. Regjeringa har ikkje bestemt kva tid 5.-10. trinn skal starte.