Akvarium slo alarm fredag – dyra blei redda sundag

Atlanterhavsparken i Ålesund sto i fare for å avlive dyr og fiskar grunna pengemangel. No har gåver frå folk i heile landet redda fiskar og dyr.

Sunnmørsposten skreiv fredag om krisa hos akvariet i Ålesund. Grunna koronakrisa er parken stengt, men dyra treng framleis mat og anlegga må ha straum.

På berre to dagar har parken fått inn 500.000 kroner i gåver. I tillegg har ein privatperson lova dei ein million kroner.