Jakta på batteri er i gang!

Dei neste tre vekene skal over 15.000 fjerdeklassingar over heile Noreg konkurrere om å samle inn flest mogleg brukte batteri og levere dei til gjenvinning.

– Det er veldig gøy å gjere noko bra for miljøet og samle inn batteri som elles blir kasta i søpla eller endå verre – i naturen! Eg håpar vi klarer å samle inn endå meir enn i fjor, seier miljøagent-ambassadør Raphael Magler-Siegert (9) i ei pressemelding.

Foto: Ton Mangmee

Går for rekord

Stian Sandø, tidlegare programleiar i Newton og årets jaktleiar for Batterijakten, fortel at dei går for ny rekord i år.

– Vi har eit hårete mål: At nordmenn skal bli like flinke til å samle inn batteri som dei er til å pante flasker. Batteri som ikkje blir levert til gjenvinning, gjer enormt stor skade, seier Stian.

Sidan Batterijakta starta i 2013, har landets fjerdeklassingar samla inn over 540 tonn batteri.