Barneminister: Barn under 13 år ikkje bør vere på sosiale medium

Medieundersøkinga, Barn og Medier 2020, viser at halvparten av alle niåringar brukar sosiale medium.

Barne- og familieministeren, Kjell Inglf Ropstad, er overraska over at så mange barn under 13 år er på Snapchat, TikTok og Instagram.

– Barn under 13 år har ikkje noko på sosiale medium å gjere. Åtte-niåringar er ikkje utvikla til å takle problemstillingane som kan oppstå, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (FrF) til Bergens Tidende.