Noregs mormor ville fylt 100 år

Noregs svar på Astrid Lindgren ville fylt 100 år i dag. Anne-Cath. Vestly blei født 15. februar 1920.

Bøkene om Lillebror og Knerten, GuroMormor og de åtte ungene, Aurora og Ole Aleksander er nokre av bokseriane som Anne-Cath. Vesly skreiv i løpet av sin karriere.

Ho byrja i NRK og laga høyrespel på Lørdagsbarnetimen. Dette blei til Barnetimen for de minste, som ho gjorde saman med Alf Prøysen og Thorbjørn Egner.

Anne-Cath. medvirka også i barne-TV-programmet, Kanutte og Romeo Clive, saman med Alf Prøysen.

Fekk drapstruslar av historiene

På 50-talet fortalte ho barna i radioen at dei ikkje kom frå storken, men får magen til mora. Dette førte til store protestar og drapstruslar. Barn skulle nemleg ikkje få vite noko så “skittent”, skriv TV2.

Før var det vanlegare å fortelje barna at dei kom frå storken, i staden for å fortelje at eit barn blir til ved at mamma og pappa har samleie der faren sin sæd befruktar egget til mora. (Illustrasjon: Pixabay)

Vestly fekk også kritikk fordi pappaen til Aurora var heimeverande.

Det kom også kritikk som gjekk på at ho blanda “eventyr” med det realistiske. Altså det som framstår som ekte med det som berre kan skje i eventyr. Vestly fortalte til NRK at om ho måtte halde seg til slike reglar, så hadde ho aldri blitt forfattar.

Mange av bøkene er filmatisert. Knerten-filmane er dei siste som har gått på kino. Vestly spelte sjølv mormora i filmane om “Mormor og de åtte ungene”.

Hennar eigentlege namn er Anne-Catharina, men blei berre kalt Anne-Cath.

Ei koseleg mormor-stemme

Anne-Cath. hadde ei særeigen stemme. Her kan du høyre ei forteljing om Ole Aleksander Filibom-bom-bom, som ho sjølv fortel.